iPhone 4S
IPhone 4S | |||
| |||
iPhone 4S i svart | |||
Produsent | Apple | ||
---|---|---|---|
Lansert | 14. oktober 2011 | ||
Operativsystem | iOS | ||
Minne | 512 MB DDR2-RAM | ||
Lagring | 8, 16, 32 eller 64 GB | ||
Batteri | 3,7 V, 5,3 W·h (~1430 mA·h) Lithium-ion-batteri | ||
Storleik | Høgd: 115,2 mm Breidd: 58,6 mm Djupn: 9,3 mm | ||
Vekt | 140 g |
iPhone 4S er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den femte generasjonen iPhone,[1] oppfølgjaren til iPhone 4 og forgjengaren til iPhone 5. Telefonen vart annonsert 4. oktober 2011 ved Cupertino campus og var det siste Apple-produktet som var annonsert i levetida til Apple-grunnleggjar og administrerande direktør Steve Jobs, som døydde dagen etter.[2]
Denne iPhone-modellen var kalla «4S» der S-en stod for Siri,[a] ein iPhone 4S-eksklusiv personleg assistent som seinare vart inkludert i framtidige generasjonar av mobile Apple-produkt. Telefonen vidarefører det meste av den ytre designen til iPhone 4, men har interne oppgraderingar som Apple A5-prosessoren og eit kamera på åtte megapikslar som kan filma i 1080p-oppløysning. iPhone 4S debuterte med iOS 5, den femte hovudversjonen av iOS, det mobile operativsystemet til Apple, som introduserte funksjonar som iCloud, iMessage, Notification Center, Reminders og integrasjon av Twitter.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pachal, Peter (8. oktober 2011). «Remembering Steve Jobs: His Best Keynote Moments». PC Magazine (Ziff Davis). Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 8. oktober 2011.
- ↑ Ziegler, Chris (4. oktober 2011). «iPhone 4S announced, available October 14th starting at $199». The Verge (Vox Media). Henta 6. august 2015.
- ↑ Tim Cook Explains How Apple Names Its Products, iPhone 4S Stands For "Siri"
- ↑ Tim Cook Confirms That The ‘S’ In iPhone 4S Stands For Siri
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- iPhone 4S – Offisielle spesifikasjonar